Ressurser til energisystemet

Skriv inn tekst her

Omgrepet almenningens tragedie er naturleg å bruke her. Vasskrafta er ein allemannsrett, men også ein avgrensa rett. Viss nokre i ein allmenning overutnyttar han, går det ut over dei andre, og allemannsretten blir ein rett for desse få.
Produksjonskostnader for utbygd og nedbetald straum ligg på 10-20 øre pr kWt. Produksjonskostnader for den straumen som blir bygt ut no med vind og vatn, ligg på fleire titals gonger dette. Og det same gjer vanlegvis kostnadene med straumimport. Dersom me kan redusere straumforbruket såpass at me unngår både import og ny utbygging, kan me altså halde prisen på eit lågmål. Den beste løysinga vil difor vere å dra skiljet mellom utbygd (og nedbetald) straum og ny straum, og såleis operere med to prisar og kvotar for utbygd straum, altså ei toprisordning, basert på eit visst kvantum til kvar husstand eller person. Det vil inspirere til straumsparing. Låg makspris for all straum vil i staden inspirere til høgt forbruk. Resultatet blir ny utbygging og import - og prisauke som rammar alle.
Eg skreiv at normalhusstandar har eit straumforbruk på 2000-3000 kWt i vintermånadene. Hedels innvender at det er for lågt. Dei tala eg har funne, gjeld årsforbruk og varierer noko. Me kan sjå på nettsida https://forbrukerguiden.no/normalt-stromforbruk, som bruker SSB som kjelde. For ein einebustad på 120 kvm, norsk gjennomsnitt, er forbruket 16 000 kWt, for ein bustad på 300 kvm er det 40 000 kWt. For rekkjehus og leiligheiter er det lågare. Sjølvsagt er månadsforbruket høgare om vinteren enn om sommaren, men tala mine synest vere dekkjande for normalforbruk.
Det finst gode grunnar for å hevde at elektrisitet er ein menneskerett i eit kaldt land som Norge og at menneskerettsfråsegna om rett til akseptabel bustad (art. 25) må ha forrang for frikonkurranseavtalar. Men ikkje at det omfattar retten til full oppvarming av alle rom i eit bustadhus på 300 kvm. I staden er den fornuftige ordninga at kvar husstand eller kvar person får straum inntil eit visst nivå (3500 eller 4000 kWt per person til dømes) til produksjonspris for utbygd og nedbetald straum, og at forbruk ut over dette blir betald med marknadspris. Olav randen